«Innsikt i eiga læring og sjølv­regulering er ein føresetnad for å kunne tileigne seg ny kunnskap. ­Ingen kan meistre framtidas krav til kompetanse utan dette ­fundamentet.»

Vurdering av framtidsutsikter/Del IV

Vurdering av framtidsutsikter

Den nye strategien for 2016-2019 og dei fire måla svarer på dei viktigaste utfordringane vi står framfor i dei nærmaste åra. Mykje er usikkert, men vi kan seie med sikkerheit at vår viktigaste oppgåve framleis vil vere å medverke til at barn og unge får den omsorga og den opplæringa dei har rett til.

1. Tiltaka våre er erfarings– og kunnskaps­baserte og inngår i ein ­heilskapleg portefølje

Det første målet i strategien uttrykkjer at vi er eitt direktorat, og at vi skal samarbeide godt internt for å sikre at tiltaka våre heng saman. Vi må våge å vere faglege. Vi må kunne stå for avgjerdene våre – fordi dei er baserte på kunnskap. Våre sektorar er best tente med at verkemidla er tydelege og heng saman. Her må vi i enda større grad inkludere og tilby digitale løysingar. Vi må styrkje vår interne ITK-kompetanse og sikre at brukarane får gevinsten.

2. Tiltaka våre er tilpassa behovet til brukarane og forankra hos barnehage- og skoleeigarar

For at statlege tiltak skal ha effekt, er det viktig at vi stadig oftare tenkjer betre brukartilpassing, dialog og forankring rundt våre verkemiddel. Dette finn vi gode døme på i denne årsrapporten. Vi har rulla ut store nasjonale tiltak og lagt til rette for digitalisering av tilboda våre. Over tid er det utvikla gode datakjelder, og det er samla inn eit rikt datamateriale til bruk i kvalitetsvurderinga på barnehage-, skole- og skoleeigarnivå. Vår vurdering er at vi no må prioritere verktøy og tiltak som styrkjer dei som har ansvaret for og moglegheit til å betre kvaliteten i barnehagane og i opplæringa.

Vi har gode erfaringar med lærande nettverk, og vi vil prøve ut fleire slike modellar i åra som kjem. Nettverk som arbeidsform handlar om å etablere strukturar og arbeidsformer som medverkar til å utvikle felles kompetanse og endre praksis. Vi må halde fram med å styrkje den skolebaserte kompetanseutviklinga. Vekslinga mellom læringsarenaer som eigen skole, nasjonale samlingar og nettverk med andre kan vere eit effektivt verkemiddel, men det ser ut som om skolane har ulike behov for dei ulike arenaene. Dette må vi ta omsyn til når vi designar eit nasjonalt tilbod.

Barnehage og skole får mykje merksemd i media. Og det er bra. Samfunnet og foreldra aukar presset og set krav til kvalitet og handling når noko går gale eller ikkje held mål. Det er mange barnehagar, skolar og kommunar som strever med læringsmiljøet – det er eit komplekst tema som vedrører alle, og det finst heller ikkje ei enkel «oppskrift» for å lykkast. Det er mange skolar og kommunar som prøver seg med ulike tiltak – og sjølv om intensjonen er god, kan dei feile. Men den aller største feilen er å ikkje gjere noko som helst.

Barnehagar og skolar må jobbe meir med å førebyggje, avdekkje og handtere mobbing. Som direktorat bør vi vere i forkant – både fagleg og administrativt. Eit døme på eit tilpassa og differensiert tilbod er at vi saman med Fylkesmannen identifiserer skolar og kommunar som må jobbe meir intensivt med læringsmiljøet. Vi følgjer opp fleire av kommunane, og nokre av dei får tilbod om rettleiing. Framover vil vi òg utvikle fleire tilbod om kompetanseutvikling og støtte til det arbeidet skoleeigarar og skolar gjer for å sikre elevane eit godt og inkluderande læringsmiljø - fritt for mobbing og krenkingar.

3. Tiltaka våre har fremja læringa for barn, unge og vaksne

Dette tredje målet inneber at same kva for satsingar vi er ein del av, og kva for prosjekt vi har på gang, arbeider vi for at alle barn, unge og vaksne skal utvikle kompetanse og bli gode samfunnsborgarar. Dersom alle elevane kunne lese og skrive når dei begynner på ungdomstrinnet, er ein viktig føresetnad for å gjennomføre og bestå vidaregåande opplæring til stades.

Målet er at elevane skal lære å lære, og at dei skal bli medvitne til eiga læring. Å tenkje over korleis dei lærer, skal kunne ruste dei til å løyse problem på ein reflektert måte. Innsikt i eiga læring og sjølvregulering er ein føresetnad for å kunne tileigne seg ny kunnskap. Ingen kan meistre framtidas krav til kompetanse utan dette fundamentet.

Korleis kan vi styrkje dei grunnleggjande ferdigheitene slik at elevane kan lære å lære? Læreplanverket er sjølve kjernen i Kunnskapsløftet. Men det kan sjå ut som om læreplanen og det lokale arbeidet med læreplanar er problematisert i for stor grad. Vi ser at mange skolar uttrykkjer frustrasjon og etterlyser klarare føringar for dette arbeidet. Men kva inneber lokalt arbeid eigentleg? Vi må kommunisere kva god læreplanforståing er, og korleis læreplanane skal fungere som styringsdokument, slik at intensjonane i LK06 i større grad blir realiserte i praksis. Dette gjeld òg for fag- og yrkesopplæringa. Både i skolar og bedrifter er det behov for å kommunisere kva lokalt arbeid med læreplanar inneber.

I løpet av hausten 2015 kom det mange flyktningar til landet vårt – og fleire vil etter alt å dømme komme. Vi har jobba raskt og effektivt i samarbeid med andre etatar for å få fleire tiltak på plass. Barn og unge som kjem til Noreg som asylsøkjarar, har dei same rettane og pliktene som andre barn og unge i Noreg. Det er lova. Men lova seier lite om vår medkjensle med andre.

4. Vi har brukt og utvikla handlingsrommet vårt som direktorat

Dette er det fjerde og siste målet i strategien vår. Det handlar om korleis vi som eit modent og moderne fagdirektorat skal prioritere og utvikle handlingsrommet. Det inneber at vi må kunne stå for våre eigne prioriteringar og val. Målet skal heile tida vere å medverke til at alle barn og unge opplever tryggleik og meistring, slik at dei kan møte framtidas krav til kompetanse.

I desse dagar har dette målet i tillegg fått eit anna og eksternt aspekt. Rapporten til Svein Gjedrem og Sven Ole Fagernæs viser tydeleg kor fragmentert kunnskapssektoren er organisert. Han består av altfor mange institusjonar og verkemiddel, og tida er moden for å konsolidere og tydeleggjere verkemiddelapparatet. Vi veit at utdanningssektoren er tent med å tenkje i store, lange linjer, og det er få område i vårt samfunn som er meir avhengige av langsiktige planar enn barnehagen, skolen og fagopplæringa.

Dersom Udir blir ein del av ei ny organisering av kunnskapssektoren, så er vi budde på omstilling.

Utgiver
Utdanningsdirektoratet

Ansvarlig redaktør
Helge Lund

Foto
Tine Poppe

Design og grafisk produksjon
Dinamo AS

Trykk
07 media

Redaksjonen
Doris Amland (redaktør)
Angela Kreher
Anne Kristine Larsen
Arne Eltvik
Julia Stelzer Pettersen
Karen Bø
Line Mork
Marit Helen Bakken
Marit Solvoll
Morten Haug Frøyen