«Utdanningsdirektoratet skal ­medverke til at barnehagen og grunnopplæringa når dei sektor­måla som er sette for dei.»

Årsrekneskap/Del VI

Kommentar frå leiinga til årsrekneskapen 2015

Formål

Utdanningsdirektoratet vart oppretta i 2004 og er underlagt Kunnskapsdepartementet.

Utdanningsdirektoratet er eit ordinært, statleg forvaltnings­organ som fører rekneskap i samsvar med kontantprinsippet, slik det går fram av prinsippnoten til årsrekneskapen.

Utdanningsdirektoratet skal medverke til at barnehagen og grunnopplæringa når dei sektormåla som er sette for dei. Dei overordna sektormåla for barnehagen og grunnopplæringa skal danne grunnlaget for prioritering av faglege mål og område og for utvikling av nye tiltak eller verkemiddel.

Utdanningsdirektoratet har etatsstyringsansvar for det statlege, spesialpedagogiske støttesystemet (Statped) og for styra for statlege skular som gir opplæring etter opplæringslova. Utdanningsdirektoratets styringsansvar inneber bl.a. utarbeiding av styringsdokument, tildeling av midlar, styringsdialog, vurdering av måloppnåing og å sjå styringa i samanheng.

Stadfesting

Årsrekneskapen er lagd fram i samsvar med reglar om økonomistyring i staten, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå Kunnskapsdepartementet i hovudin­struksen for økonomiforvaltninga i Utdanningsdirektoratet. Vi meiner rekneskapen gir eit dekkjande bilete av Utdanningsdirektoratets disponible løyvingar, rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigendelar og gjeld.

Vurderingar av vesentlege tilhøve

Utdanningsdirektoratet har samla disponert tildelingar på utgiftssida á kr 10 282 270 000.

I tillegg har Utdanningsdirektoratet utgiftsført kr 11 470 000 på framand kapittel på tildelt belastningsfullmakt frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Etter fullmakt frå Finansdepartementet har vi utgiftsført betalt meirverdiavgift på kapittel 1633 Nettoordning statleg betalt meirverdiavgift, post 01 driftsutgifter med kr 76 151 566.

Kr 7 351 501 759 av tildelinga gjeld tilskottsmidlar og andre overføringar frå staten.

Driftsutgifter rapporterte til løyvingsrekneskapen utgjer kr 783 147 905. Av dette utgjer lønn og sosiale utgifter 28,9 % og andre utbetalingar til drift 71,1 %. Andre utbetalingar til drift inneheld ein betydeleg del utgifter til konsulentar og andre kjøp av tenester frå eksterne. På IT-området nyttar vi eksterne konsulentar til bl.a. prøveutvikling, PAS/PGS (prøveadministrasjonssystem/prøvegjennomføringssystem), produksjon av nasjonalt gitte eksamenar, utvikling av nytt statistikksystem og systemstøtte for heilskapleg forvaltningsløysing innafor tilskottsforvaltninga.

Utdanningsdirektoratet har totale inntekter rapporterte til løyvingsrekneskapen på kr 80 006 390. Av dette utgjer 84,2 % tilskott og overføringar frå andre statlege verksemder, og 15,8 % er sals- og leigeinnbetalingar.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa viser ein del avvik, men har ei naturleg forklaring, da dei vesentlege avvika kjem av tildelingar og fullmakter som er gitt til andre statlege verksemder (Statped, styra for statlege skular og fylkesmenn) i samsvar med tildelingsbrevet frå Kunnskapsdepartementet.

I tillegg har det vore nokre mindre avvik mellom tildelte midlar på utgiftssida og rekneskapsførte utgifter som går fram av note B. Utdanningsdirektoratet søkjer om overføringar innanfor 5 %-regelen og med tilvising til stikkordet «kan overføres».

Vurderingar av endringar frå 2014 til 2015

Inntekter på ca. 4,7 mill. kroner frå utleigd arbeidskraft vart i 2014 førte som andre refusjonar på lønn. Frå 2015 er dette ført som salsinntektstenester. Viser til note 1 og 2.

Andre utgifter til drift er reduserte frå kr 731 774 247 i 2014 til kr 556 433 459 i 2015, noko som i det alt vesentlege kan forklarast med rettare artskontobruk i 2015. Praksisen i 2014 var at ein stor del av prosjektstøtta til universitets- og høgskulesektoren vart ført som kjøp av utviklingstenester for skulesektoren. Dette er i 2015 ført som overføring til forvaltningsorgan med særskilde fullmakter. Viser til note 3 og 7.

Tilskottsforvaltninga og andre overføringar frå staten auka med kr 1 150 977 701 eller 18,6 % frå 2014 til 2015. Årsaka til dette er at Utdanningsdirektoratet hausten 2015 overtok utbetalinga til kommunane knytt til vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. Tidlegere var dette gitt som belastningsfullmakt til fylkesmennene, og derfor ikkje bokført i rekneskapen vår. Ei anna årsak er ein ny tilskottspost i 2015, tidleg innsats i skulen gjennom auka lærarinnsats frå 1. – 4. trinn. Viser til note 7.

Tilleggsopplysningar

Nettoordninga for budsjettering og rekneskapsføring av meirverdiavgift for ordinære, statlege forvaltningsorgan vart sett i verk frå 1. januar 2015. Det fører til at tal frå 2014 er inklusive meirverdiavgift, mens tal frå 2015 er eksklusive meirverdiavgift. Det inneber at tala for dei respektive åra ikkje kan samanliknast direkte.

Ny kontoplan vart innført i 2014. Erfaringar i løpet av 2014 har ført til at vi har gjort nokre endringar frå 2015, noko vi meiner inneber ein riktigare bruk av kontoplanen. Vesentlege endringar er omtalte under overskrifta vurderingar av endringar frå 2014 til 2015.

Riksrevisjonen er ekstern revisor og stadfestar årsrekneskapen for Utdanningsdirektoratet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per d.d., men revisjonsmeldinga ligg truleg føre i løpet av 2. kvartal 2016. Meldinga er unnateke det offentlege fram til Stortinget har fått Dokument 1 frå Riksrevisjonen. Meldinga vert publisert på udir.no så snart dokumentet er offentleg.



Petter Skarheim
Utdanningsdirektoratet

Prinsippnote til årsrekneskapen

Årsrekneskapen for Utdanningsdirektoratet er utarbeidd og lagd fram etter nærare retningslinjer fastsette i avgjerder om økonomistyring i staten («avgjerdene»), fastsette 12. desember 2003 med endringar, seinast 5. november 2015. Årsrekneskapen er i samsvar med krav i avgjerdene punkt 3.4 .1, i nærare avgjerder i rundskrivet frå Finansdepartementet R-115 og i eventuelle tilleggskrav fastsette av eige departement.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa omfattar ein øvre del med løyvingsrapportering og ein nedre del som viser behaldningar som verksemda står oppførte med i kapitalrekneskapen. Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder, og ein nedre del som viser grupper av kontoar som inngår i mellomverande med statskassa. Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i avgjerdene punkt 3.4.2 – dei grunnleggjande prinsippa for årsrekneskapen:

  • a. Rekneskapen følgjer kalenderåret
  • b. Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret
  • c. Utgifter og inntekter er førde i rekneskapen med brutto beløp
  • d. Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet

Oppstillinga av løyvings- og artskontorapporteringa er utarbeidd etter dei same prinsippa, men gruppert etter ulike kontoplanar. Prinsippa korresponderer med krav i avgjerdene punkt 3.5 til korleis verksemdene skal rapportere til statsrekneskapen. Sumlinja «Netto rapportert til løyvingsrekneskapen» er lik i begge oppstillingane.

Utdanningsdirektoratet er knytt til konsernkontoordninga til staten i Noregs Bank i samsvar med krava i avgjerdene punkt 3.8.1. Ordinære forvaltingsorgan (bruttobudsjetterte verksemder) får ikkje tilført likviditet gjennom året. Ved årets slutt vert saldoen nullstilt på den enkelte oppgjerskontoen ved overgangen til nytt år.

Løyvingsrapporteringa

Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som Utdanningsdirektoratet har rapportert til statsrekneskapen. Det vert stilt opp etter kapitla og postar i løyvingsrekneskapen som Utdanningsdirektoratet har fullmakt til å disponere. Oppstillinga viser alle finansielle eigendelar og forpliktingar Utdanningsdirektoratet står oppførd med i kapitalrekneskapen til staten. Kolonnen samla tildeling viser kva Utdanningsdirektoratet har fått stilt til disposisjon i tildelingsbrevet for seg og underlagde verksemder for kvar kombinasjon av kapittel/post.

Mottekne fullmakter til å belaste kombinasjonen av kapittel/post i ei anna verksemd (belastningsfullmakter) vert ikkje viste i kolonnen for samla tildeling, men er omtalte i note B til løyvingsrapporteringa. Utgiftene knytte til mottekne belastningsfullmakter er bokførte og rapporterte til statsrekneskapen og vert viste i kolonnen for rekneskap.

Avgitte belastningsfullmakter er inkluderte i kolonnen for samla tildeling, men vert ikkje bokførte og rapporterte til statsrekneskapen frå Utdanningsdirektoratet sjølv. Avgitte belastningsfullmakter vert bokførte og rapporterte av verksemda som har fått belastningsfullmakta, og vert difor ikkje viste i kolonnen for rekneskap. Dei avgitte fullmaktene kjem fram i note B til løyvingsoppstillinga.

Artskontorapporteringa

Artskontorapporteringa viser rekneskapstal Utdannings­direktoratet har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Utdanningsdirektoratet har ein trekkrett for disponible tildelingar på konsernkonto i Noregs bank. Tildelingane skal ikkje inntektsførast og vert difor ikkje viste som inntekt i oppstillinga.

Mottekne fullmakter til å belaste kombinasjonen til ei anna verksemd av kapittel/post (belastningsfullmakter) vert ikkje viste i kolonnen for samla tildeling, men er omtalte i note B til løyvingsoppstillinga. Utgiftene knytte til mottekne belastningsfullmakter er bokførte og rapporterte til statsrekneskapen og vert viste i kolonnen for rekneskap.

Note 8 til artskontorapporteringa viser skilnader mellom avrekning med statskassa og mellomverande med statskassa.

Utgiver
Utdanningsdirektoratet

Ansvarlig redaktør
Helge Lund

Foto
Tine Poppe

Design og grafisk produksjon
Dinamo AS

Trykk
07 media

Redaksjonen
Doris Amland (redaktør)
Angela Kreher
Anne Kristine Larsen
Arne Eltvik
Julia Stelzer Pettersen
Karen Bø
Line Mork
Marit Helen Bakken
Marit Solvoll
Morten Haug Frøyen